Vreid headliner Karmøygeddon Metal Festival 2021 med eksklusivt 1184-show
Windir var et viktig band for begrepet Sognametal. Etter bandets leder Valfars tragiske død i Sogndalsdalen i 2004, bestemte de gjenværende medlemmene å legge ned Windir. Opp fra asken av Windir reiste bandet Vreid seg. Under neste års Karmøygeddon Metal Festival stiller Vreid som headliner på fredagen, og hyller Windirs kanskje viktigste album: 1184.
Her kommer bandets egen pressemelding:
I over har 25 år har det dundra ut Sognametal frå fjellbygda Sogndal innerst i Sognefjorden. 13 album har det blitt frå banda Vreid, Windir og Ulcus så langt. I 2021 er det 20 års jubileum for eit av dei viktigaste og mest suksessrike albuma i diskografien, albumet 1184. Albumet fekk ein enorm respons då det blei utgitt, og skapte stor interesse rundt begrepet Sognametal. I 2021 blir alle albuma til Windir utgitt på vinyl for første gong, og Vreid har bestemt seg for å feire dette med å gjere ein unik konsert på Karmøygeddon 2021 der ein framfører albumet i sin heilheit. «1184 er eit svært viktig album for oss som band og ikkje minst for meg personleg», sier låtskrivar og bassist Jarle Kvåle. «Albumet var det første eg og Terje skreiv saman. Det var første gang Windir blei eit komplett band sjølv om me hadde spelt konsertar samen sidan 1995, og jobba ilag med musikk sidan oppstartinga i 1993. Det verkar ufatteleg at det no er 20 år sidan me sat og jobba med desse låtane, men desto hyggelegare å sjå kor mykje dette albumet framleis betyr for folk. Me gledar oss enormt til å samla gjengen for å kunna få framføre albumet på sjølvaste Karmøygeddon Festivalen»
Vreid entrer scenen som headliner fredag 7.mai.
Vreid består av:
- Jarle «Hvàll» Kvåle – bass
- Jørn «Steingrim» Holen – trommer
- Sture Dingsøyr – vokal, gitar
- Stian «Strom» Bakketeig - gitar