Treungenfestival vart fyrste gong arrangert i 2003. Initiativtakar var Jørgen Solberg, som med hjelp av familie og vener, klarte å samle ca. 1.700 besøkande på Sommarsletta i Treungen dette året. Dei fyrste åra var det konsertar over to dagar, og publikum var i stor grad dagsbesøkande.
Etter dette har det vore ei fantastisk utvikling, der ein dei siste åra har hatt om lag 12.000 besøkande fordelt på 3 dagar, fyrste helga i august.
I takt med publikumsveksten, har festivalorganisasjonen også måtta tilpasse seg, og i 2008 kom også Carl Erik Winter Larsen og Jan Arvid Setane inn som eigarar, ved at Treungenfestival AS vart stifta. Selskapet står som arrangør av festivalen, og leiger inn underleveransar, både frå verksemder og frivillige lag og organisasjonar. Pr. i dag er det ingen som jobbar dugnad direkte for arrangør.
Ramma for konsertområdet er Sommarsletta, eit kommunalt friområde tett attmed Nisser. Området har ein kapasitet på om lag 6.000 besøkande pr. kveld.
Treungenfestival kan i dag tilby over 50da festivalcamping 5 min. gange frå festivalområdet. Med plass til ca. 750 bueiningar, dusjar, sanitærbygg, fleire matsal og straum til alle, har Treungenfestival etablert seg som ein av dei store festivalane i Sør-Noreg.