Vossajazz
Festivalen er kjend for å vera nyskapande og har i mange år presentert tingingsverk og andre prosjekt. Den musikalske profilen omfattar jazz, folkemusikk og verdsmusikk. Badnajazz, ungdomssatsinga UNGjaJAZZja, Eldrejazz, Superjazz og Ekstremjazz er alle viktige element i festivalen.
I vedtektene heiter det m.a.: ” Vossa Jazz skal ha som føremål å stimulere interessa for jazz og nærliggande musikkformer både for tilhøyrarar og aktive musikarar.”