Sunnivafestspela
Stiftinga Sunniva – Lyset frå Selja har base i Selje, men lyset frå Selja skin vidare enn det. Vi vil skape gode kulturtiltak som gjev kveik i kvardagen for alle som vitjar oss på Sunnivafestspela. St. Sunniva, Patrona Bergensis og heile Vestlandets skytshelgen, gav mange styrke. Det er noko vi ynskjer å føre vidare. I år femner arrangementa frå Hakallestranda i Vanylven i nord til Kråkenes i Vågsøy i sør. I innhald og spennvidde er dei ulike. Men alle har det felles at vi ynskjer å gje deltakarane noko som varer.
Styret i Stiftinga Sunniva – Lyset frå Selja
Stiftinga er oppretta som ei ideell stifting med namn: "Sunniva-Lyset frå Selja" og registrert i Brønnøysund-registeret (org.nr.: 985 701 997), og dermed hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som også er kontrollinnstans.
Historia om Selja
Ingen kjem til klosteret på Selja utan å undre seg. Og ingen reiser derifrå urørt. Fortida kjem tett inn på livet på ein stad der det ikkje finst moderne innretningar av noko slag. Det makelause ruinanlegget ytst mot Stadhavet trekkjer årvisst tusenvis av nyfikne gjester. Dei kjem for å sjå og oppleve noko av det eldste vi har av kyrkjehistorie, knytt både til ein helgenstad, eit bispesete og eit kloster.
Helgenstaden
Då kong Olav Trygvason i år 996 fann relikviar på Selja, vart staden den første norske helgenstaden, i første omgang knytt til "seljumennene" og seinare til Sankta Sunniva. Seljumannamesse, 8. juli, var den første heilnorske messedagen. Helgendyrkinga gjekk føre seg i over fem hundre år fram til reformasjonen. St. Sunniva er rekna som norsk nasjonalhelgen ved sida av St. Olav, og gjennom heile mellomalderen var Selja det viktigaste pilegrimsmålet i landet, nest etter Nidaros.
Bispesetet
Kong Olav Kyrre delte i 1068 landet i tre bispedømme, Nidaros, Oslo og Selja, der bispen på Selja rådde over området heilt frå Agder i sør til og med Sunnmøre i nord. I over hundre år, 1068-1170, hadde vestlandsbispen tittelen "Biskop av Selja". Bispesetet vart flytta til Bergen 7. september 1170, då Sunnivaskrinet vart sett på høgaltaret i den nybygde Kristkyrkja i byen.
Klosteret
Kring 1100 vart det grunnlagt eit benediktarkloster på Selja, truleg det første kloster i landet. Bispekyrkja (Kristkyrkja) vart del av ein klosterfirkant, som først vart bygd i tre, men som på 1200-talet vart bygd i stein, slik vi ser ruinanlegget i dag. Kyrkja vart kalla Albanuskyrkja, etter namnet på den engelske helgenen som klosteret var vigd til...