Litteraturdagene i Vinje
Vi er eit festivalfolk! Over heile landet og gjennom heile året møtest interesserte menneske for å oppleve musikk og litteratur. Norsk Kulturråd har funne ut at det er i overkant av 50 litteraturfestivalar her i landet. Dei største arrangementa – som Norsk Litteraturfestival på Lillehammer og Bjørnsonfestivalen i Molde – får direkte støtte over statsbudsjettet, medan alle dei andre er avhengige av anna offentleg støtte, lokale sponsorar og tilskot frå Kulturrådet. Om tilskota til litteraturfestivalane har Rådet uttalt at «Kulturrådet får mye kultur igjen for et forholdsvis beskjedent støttebeløp.»
Men i dette rike festivallandskapet ligg det også fleire konfliktfelt: kollisjonar i tid, konsentrering om same aktuelle tema og jakt etter dei mest populære og kjende forfattarane. Derfor er det viktig at ein litteraturfestival skaffar seg eit særpreg. Det kan springe ut frå sjølve staden – lendet og historia, bli merkt av tilbakevendande årlege tema eller av lokale kunstnarar og diktarar, som dermed gjev festivalen ein spesiell
profil. I Vinje låg i grunnen «særpreget» klart før vi tok til med Litteraturdagane for 13 år sidan. Landskjende diktarar, kunstnarar og folkemusikarar frå bygda hadde for lengst gjort Vinje til ein kulturkommune.
Litteraturdagane i Vinje vil i 2013, som i tidlegare år, både hente fram eldre diktarar og presentere nye diktarar i samtida. Sidan vi er inne i Språkåret 2013, er det naturleg å byrje med Aasmund Olavsson Vinje. Han er dessutan den diktaren som på fleire måtar la opp løypa for Litteraturdagane i Vinje, og på opningsdagen, fredag 30. august, skal vi sjå innom barndomsheimen hans. Vidare vil Kjersti Rorgemoen
snakke om Ferdaminni fraa Sumaren 1860, og Olav Vesaas stiller det vanskelege spørsmålet «Kven var han – ei gåte?» Dikt og songar av A.O. Vinje tek som så mange gonger før Asmund Nordstoga seg av.