Bøgrend Autofest
Bøgrend Autofest er ein musikkfestival på den nedlagte bensinstasjonen Bøgrend Auto i bygda Bøgrend i Vinje i Telemark. Festivalen vart arrangert for fyrste gong i 2010.
Ideen om å lage festival på Bøgrend Auto vart født seint i mai månad i 2010 av Vest-Telemark-bataljonen i konsertforeninga Havresekken i Oslo og bygdeutviklingsprosjektet Liv i Vinje. To månadar seinare var Bøgrend Autofest eit faktum og festivalen samla nærmare 700 folk på bensinstasjonen.
På Bøgrend Autofest får du både kort- og langreiste artistar, og svært stuttreist mat og drikke. Festivalen har ein kapasitet på 400.
Bøgrend Autofest er eit samarbeid mellom konsertforeninga Havresekken og bygdemobiliseringsprosjektet Liv i Vinje. Festivalen er støtta av Norsk Kulturråd, Telemark Fylkeskommune og Vinje Kommune.