Top

100dagar 2016

Hear Me Roar @ 100dagar, Stord, Norway 05.02.2016 - Photo: Peter Tubaas

Hear Me Roar imponerte stort under det åttande musikkbransjetreffet 100 Dagar på Stord i helga.  Foto: Peter Tubaas

PRESSEMELDING: Det stavangerbaserte bandet Hear Me Roar blir årets vestlandssatsing etter musikkbransjetreffet 100 Dagar og får 13 honorerte festivaljobbar for sommaren 2016.

Hear Me Roar imponerte stort under det åttande musikkbransjetreffet 100 Dagar på Stord i helga. På to dagar spelte 20 band på to scener og fekk visa seg fram for eit stort publikum og nærare 20 festivalsjefar frå Vestlandet, samt Skralfestival og By:larm.

For fire år sidan starta eit heilt unikt festivalsamarbeid på Vestlandet der festivalane i fellesskap er med og gir speletid og byggjer CV for lovande talent. Det er difor ei stor glede å informere om at Hear Me Roar blir årets Vestlandssatsing og får honorert spelejobb på fylgjande, rekordmange 13 festivalar sommaren 2016:

Årets vestlandssatsing kjem også tilbake til 100 Dagar i 2017, både for å spele konsert, men
òg for å dele sine erfaringar med andre musikarar.

Om Hear Me Roar

Hear Me Roar skriv og syng songar med tidlause melodiar om slitesterke tema. Songane inneheld lengsel og sakn, men òg varme og håp. Hear Me Roar sine songer opnar tårekanalane - på den gode måten. Dette er historia om ein sliten punkrockar som gjekk lei av høglytt stemmebruk, om ein ærleg låtskrivar som sat i mørket og brukte songene som kart for å finne vegen ut tilbake til lyset. Etter å ha først levd eit stillferdig tilvære for seg sjølv, traff dei vakre songane eit bergtatt publikum.

Hear Me Roar leverte ein oppriktig, intens og vakker konsert på 100 Dagar. No får endå fleire sjansen til å oppleve den unike stemma og dei kjenslevarme songane.

For kontakt med artisten: Torje Fanebust Ås, tlf: 970 85 859

Musikken:

Spotify:
https://open.spotify.com/album/2Kr9JOyfaCqX3Hj0XsV4pd

Link til flere høgoppløyste bilete av artisten:
https://www.dropbox.com/sh/w9e9dh7n2s4n064/AADwq_-c0IVsD4MvqNSWoz2-a?dl=0

Om 100 Dagar (Vestlandets By:larm)

Musikkbransjetreffet 100 Dagar blir arrangert på Leirvik, Stord, av festival- og konsertarrangøren Stordfest. 100 Dagar blei arrangert for åttande gong i 2016 og er ein møteplass for festivalbransjen på Vestlandet. Treffet samlar kvart år mellom 16-20 festivalleiarar frå vestlandsregionen. 100 Dagar er også ein showcasearena som gir muligheit for inntil 20 band å vise seg fram for festivalleiarane og anna publikum. 100 Dagar skapar grobotn for erfaringsutveksling, nettverksbygging, kompetanseheving og samarbeid mellom festivalane på Vestlandet, samt muligheiter for framtidige festivaljobbar for deltakande band. 

VESTLANDSSATSINGA

Vestlandssatsinga fungerer som ein unik plattform for unge, lovande band som ynskjer å ha ein profesjonell karriere som musikarar.

Tidlegare vinnarar av vestlandssatsinga er YUMA SUN i 2013, TIEBREAKER i 2014 og SILJA SOL i 2015.

--
Haakon Vatle
Tlf: +47 975 37 984
Adresse:
Gullbergvegen 6a
5411 Stord

Bottom