Bygdeutstillinga i Åseral
Utstilling
På utstillinga finn du mykje både gammalt og nytt. Det meste er til sals. For at utstillinga skal vera fin heile perioden, kan du ikkje ta med noko av det du eventuelt kjøper. Dersom du ikkje kan henta det når utstillinga er slutt, får du det tilsendt.
Krambu
I den rikhaldige krambua får du med det du kjøper. Her er masse trevarer, glasarbeid, heklematter, vevde teppe, strikke og hekleting, smykke, keramikk, nissar, tova hattar og tøflar og mykje meir. Inge Bye sine linosnitt er å få kjøpt her. Lokal litteratur er det ein del av, m.a. Gard og ætt i Åseral. Desse bøkene er subsidierte og svært rimelege. Me har kortterminal og ynskjer kontant betaling.
Kafé
Halldis og Marits Kafé i 1. etg. med komper og rjomegraut samt andre heimelaga middagsrettar kvar dag. Heimebakt og kaffi, is og brus. Åseral sogelag overtek kafédrifta måndag 20. juli. Dei har og komper og rjomegraut, samt bondelapskaus til dagleg. I helga har dei kjøttkaker. Heimebakt og kaffi, is og brus. Sogelagets spesialitet: Flatbrødbuffet med fenalår, rjome, myssmør og prim. Lepsebita med gome og eggost. Lordens Kro i sentrum er open heile utstillingstida.

Twitter
RSS




